Vikatun smykke

Velkomen!

Signe Haugejorden ved arbeidsbordet I 2003 byrja eg, etter eit inspirerande møte med ein gammal ven, å lage klassiske lenker i sølv. Dette skulle bli starten på tusenvis av timar framfor arbeidsbordet. Etter kvart byrja eg å bruke perler og edelsteinar i smykka mine, og hausten 2004 investerte eg i ein smelteomn for glas. Etterkvart har det komme i hus både poleringsmaskin og sag, og produksjonen av glassmykke har vore stor. Den siste tida har eg byrja bruke sølvleire, slik at eg kan lage eigne sølvanheng eller kombinere det med glas.

Til mi store glede så har det vore mange som har vore interesserte i å kjøpe smykka mine, og kjellarstova har blitt smykkebutikk. Eg har og vore med på ein del messer i nærområdet.

Eg har vore så heldig at det er to butikkar som har smykka mine for salg, den eine i Eivindvik og den andre i Fjaler. Den siste er nyopna 1. november 2007 og heiter Til og Frå. Begge butikkane har mykje fint frå lokale produsentar.

Det har vore mykje etterspurnad etter ei web-side, og no har eg omsider komme i gong! I biletgalleriet har eg tenkt å leggje inn bilete av "gamle" og nye smykke, og det kjem til å bli oppdatert ofte. Ser du noko du likar, så ta kontakt! Skriv ned namnet på biletet av det smykket du likar (namnet kjem fram når du held musepeikaren over biletet), og så kan du spesifisere nærare kva du ynskjer i ein telefon eller per e-post.

Hjå meg er det ikkje noko som heiter standard mål. Tenk på kva lengde du ynskjer, størrelse og fargar på anheng osv. Det er ikkje noko som er meir tilfredsstillande enn nokon som har fått akkurat det smykket dei ynskjer seg!